Om kulturhuset

Ål kulturhus vart opna i 1992 og er eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal. Huset ligg på Sundre - midt i sentrum av Ål. Både riksveg 7 og Bergensbanen går gjennom Ål, så det er enkelt å kome seg hit. Ål ligg midt i mellom Oslo og Bergen.

Ål kulturhus inneheld tre amfisalar som blir brukt til kino, konsertar, teater, dans, foredrag, konferansar, møte og seminar. I tillegg finn ein Ål bibliotek, Ål kulturskule, Ål introsenter og vaksenopplæring, Ål frivilligsentral, Galleri Syningen med skiftande kunstutstillingar, Nesch-museet og rosemålingsutstillinga Hallingrosa her.

Ynskjer du å leige sal, kontorplass eller møterom kan du ta kontakt med oss på e-post: aal.kulturhus@hallingnett.no



Billettskranke og kiosk er open for kjøp/tinging av billettar:

  • Måndag og tysdag: kl. 11.00 - 16.00. Telefon frå kl. 0830.
  • Onsdag, torsdag, fredag: kl 11.00 - ca 20.00 (kinotider avgjer). Telefon frå kl. 0830.
  • Laurdag: ca kl 15.30 til ca 20.00 (kinotider avgjer).
  • Sundag: ca kl 16.30 til ca 20.00 (kinotider avgjer).

I helger og på kveldstid har me ope i samband med kino og arrangement.
Då er billettskranken open frå 1 time før fyrste kino/arrangement fram til siste kino/arrangement startar.
Sjå dagsprogrammet for nærare bestemte tider.

NB! Du kan også kjøpe billettar her på nettsida vår og på app'en eBillett.