Wuthering Heights

Billettar

Denne filmen kan du sjå på kino til 50% forkinoklubb-medlemar

Om filmen

Originaltittel: "Wuthering Heights"

Premiere: 2026-02-13

Varighet: 2t 15min

Sjanger: Romantikk, Drama

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Emerald Fennell

"Wuthering Heights" kjem på kino til Valentine's Day!

Frå den Oscar-vinnande filmskaparen Emerald Fennell kjem "Wuthering Heights", med Oscar-nominerte Margot Robbie i hovudrolla, saman med Bafta-nominerte Jacob Elordi. Filmen er ei dristig og original nytolkning av ein av dei største kjærleikshistoriene gjennom tidene, og er Fennell sin eigen versjon av historia frå Emily Brönte sin romanklassikar. Robbie og Elordi spelar eit par der den forbodne lidenskapen for kvarandre utviklar seg frå romantisk til berusande i eit episk drama om begjær, kjærleik og vannvidd. På rollelista finn me også Owen Cooper, Charlotte Mellington, Shazad Latif, Alison Oliver, Martin Clunes, Ewan Mitchell og Oscar-nominerte Hong Chau. Fennell regisserer etter sitt eige manus, og produserer saman med Josey McNamara og Margot Robbie. Bak kamera samarbeider Fennell med fleire av dei faste kollegaene sine, mellom andre den Oscar-vinnande fotografen Linus Sandgren, den Oscar-nominerte produksjonsdesignaren Suzie Davies, og den Oscar-vinnande kostymedesignaren Jacqueline Durran. Popstjerna Charli XCX står for soundtracket, og du kan sjå musikkvideoen til låta "Chains of Love" her: https://www.youtube.com/watch?v=tG1HKY6Jwas