Wardruna - UTSELD!

Om arrangementet

Sitat Einar Selvik i Wardruna:

Vi har lenge hatt et ønske om å spille i Hallingdal, men med en stor, tung og kostbar produksjon – kombinert med et tett turnéprogram – er det ofte krevende å legge konserter til mindre steder. Da vår egen Eilif Gundersen fyller 70 år, var det imidlertid en perfekt anledning til å gjøre alvor av planene om en konsert på Ål!

Wardruna vart starta tidleg på 2000-talet og har sidan den gong etablert seg internasjonalt med ei unik musikalsk formidling av eldre nordiske kulturtradisjonar. Gjennom bruk av gamle og historiske nordiske instrument, samt lydar frå naturen, skapar dei eit særeige lydbilete som vev fortid og samtid saman. Bandet opptrer verda over, ofte på ikoniske scener som komplementerer det særeigne uttrykket og den storstilte produksjonen – mellom anna Royal Albert Hall, Red Rocks Amphitheatre, Pompeii og antikkteateret på Akropolis – og no altså også på Ål kulturhus.

Dette er STORT!