Verda vår: Tyrkia
Billettar
Om arrangementet
Gjennom hausten 2024 vart me betre kjent med fleire ulike nasjonalitetar. Me held fram satsinga denne våren.
Ål kulturhus inviterer ulike nasjonalitetar som er representert i Ål til å vise seg fram.
Slik kan me bli betre kjent med kvarandre!
Kjenner du til at Tyrkia grenser til åtte land? Visste du at med 37,6 millioner utanlandske besøkjande i 2017 var Tyrkia det åttande største turistmålet i verda? Te og kaffi utgjer ein viktig del av kulturen. Tyrkarane drikk alltid ein kopp te etter måltidene og når dei møter venene sine. Te på tyrkisk blir kalla 'cay', skrive 'çay' og blir uttala som 'chai'. Tyrkisk kaffe er kjent for rik smak og kraftig aroma. Den blir brygga ved å koke svært fint malt kaffe, sukker og vatn saman i ein liten kjele kalla ein cezve. Kanskje får me smake?
Denne laurdagen blir det dekt opp langbord i foajeen og det blir servert spennande rettar frå Tyrkia.
Velkomen til verda vår på Ål kulturhus!
Program:
kl. 12.00 Tyrkiske smaksprøver
kl. 12.30 Barneaktivitet - tyrkisk flagg med silkepapir
kl. 12.45 Demonstrasjon og servering av tyrkisk te/kaffi og tyrkisk delight
kl. 13.00 Quiz
kl. 13.15 Gjennomgang av quiz og premiar
Gratis inngang!
Mat kr. 100,-
Arrangør: Ål kulturhus, Ål frivilligsentral og Ål bibliotek.