VERDA VÅR: Latin-Amerika

Om arrangementet

Latin-Amerika dekkjer det meste av Sør-Amerika, Mellom-Amerika og Karibia samt heile Mexico. Det består av 20 nasjonar og har eit samla folketal på 560 287 688 (kjelde: Wikipedia). Salsa, taco, Machu Picchu, fotball og tango er ikkje så ukjent for oss her oppe i nord.
Men visste du at den mest prisløna sjokoladen kjem frå ein kaktus frå Ecuador?
Eller at Quechua er det vanlegaste urfolksspråket?
Eller at Chilenarar har eit forbruk på nesten 220 kilo brød pr person, pr år?
Denne dagen skal me bli litt betre kjent med Latin Amerika, og me har invitert fleire nasjonalitetar til å syne fram kulturen og mattradisjonane sine.
Slik kan me bli betre kjent med kvarandre!

Langbordet i foajéen er dekka og pynta, og det blir servert spennande rettar frå Latin Amerika.

Velkomen til verda vår på Ål kulturhus.

 

Gratis inngang!
Mat kr. 120,-

Arrangør: Ål kulturhus, Ål frivilligsentral og Ål bibliotek.