Ustoppelig - Villmarksshow med Lars Monsen

Om arrangementet

Fullt band og special guest Trine Rein på scena!

Heilt nytt show, spekka med sterke opplevingar frå Lars Monsen sitt ekstremt innhaldsrike liv som ekspedisjonsfarar og friluftsmann.
Han snakkar ikkje berre om nasjonalparkar, nordlys, hundar og fantastisk natur, men også om rus, døden og den andre sida, dønn ærleg og totalt utan sminke. 

Musikken som blir spelt er Lars Monsen sine eigne, handplukka låtar som har fulgt han gjennom livet. Røffe, melodiøse låtar med tekstar som betyr noko for han, framført av ein av landets beste vokalistar og eit knippe heilt rå musikarar. For høvet kan me røpe at Henning Kvitnes har skrive ny tekst til nokre av dei – inkludert to heilt nye låtar på norsk.

Velkomen til ein halvannan time langt show du vil hugse lenge!