The Magic of Alexx Alexxander 2.0
Billettar
Om arrangementet
Velkomen til ei magisk showoppleving med smak av Las Vegas!
Endeleg er Alexx Alexxander attende på Ål kulturhus.
Etter stor suksess med show verda rundt er han no endeleg attende i Noreg for å gjere nokre eksklusive show på utvalde stader i 2026. Alexx Alexxander sin forrige Norgesturné spelte for fullsatte salar og vart sett av 150 000 nordmenn.
Ta med deg vennegjengen, kollegaene på jobben eller familien på ein minnerik kveld og ei showoppleving de seint vil gløyme!
Gå ikkje glipp av dette unike høvet til å oppleve den kjende illusjonisten på nært hald i dette spektakulære og storslagne showet utan samanlikning her i landet.
Alexx Alexxander og teamet hans opnar dørene til ein magisk kveld med illusjonar og shownummer du aldri har sett maken til. Publikum i alle aldrar over heile Noreg skal bli både forbløffa og fortrylla.
Alexx Alexxander har som einaste magikar i historia vorte tildelt den prestisjetunge utmerkinga, "Illusionist of the Decade" i 24 karat gull i underhaldningshovudstaden Las Vegas. Han spelar for fulle hus over heile verda, han har opptrådt for kongelege og har stadig show i Los Angeles for dei største stjernene i Hollywood. Alexx Alexxander har vorte ei internasjonal stjerne og du er med dette invitert til å oppleve han på nært hald.
«Det aller beste av magi du ser i hele verden!»
-VG, Norge
«Mannen, myten, magikern. Det är väl värt att applådera!»
-Göteborgs Tidning, Sverige
«One of the world’s finest illusionists!»
-PressPass, Los Angeles
Les meir på: WWW.ALEXX.NO
Praktisk info:
Forestillinga varar i ca 90 min, utan pause.
Tillatt for alle, men høver best frå 5 år.
Presentert av The Entertainment Company.
