Teater Manu: Bunkersen
Billettar
Om arrangementet
Makta til majoriteten startar med det grusomme talet tre.
To mot éin. Aldri likevekt, alltid ein tapar. I ei framtidig verd der høyrande er i mindretal og fører geriljakrig mot den privilegerte klassen, befinn to kvinner og ein mann seg i ein hemmeleg bunker. Kva står på spel og kven blir taparen?
Kjønn og språk er openberre band i ein maktkamp, men kanskje andre band er sterkare? Me diktar ei omvendt verd der det handlar om språkets makt, fleirtalsdiktatur og kampen mellom to kjønn.
Med handlinga plassert i ein lukka bunkers kan me ane at Jo Strømgren ikkje berre gjev oss eit absurd humoristisk blikk på den menneskelege natur, men også at han har med seg undertonar frå den tida me lever i. På ulikt vis tematiserer Strømgren korleis språklege utfordringar pregar oss
menneske i samspelet med kvarandre.
Velkomen til «Bunkersen», ein dystopisk framtidsvisjon.
Med: Niklas Gundersen, Ipek D. Mehlum og Aino Hakala.
Stemmeskodespelar: Anna Dworak.
Produsert av Teater Manu og Jo Strømgren Kompani.