Teater Manu: "De siste" av Lars Otterstedt

Om arrangementet

Av Lars Otterstedt.

Ei forestilling om retten til å vere den ein er.

«Den verste undertrykkinga er den som ikkje er synleg for auga, men den snikande og subtile undertrykkinga med låg intensitet som gøymer seg i skuggane, den som skjuler seg bak velvilje og godheit».

I ei nær framtid kollapsar den globale økonomien. Verda blir kasta ut i kaos, og ei postapokalyptisk stemning rår overalt. For å skape stabilitet bestemmer den nye samfunnsorden seg for at alle kostnader skal bli eliminert. Eit nytt radikalt botemiddel som består av ei vandrande gensaks sett saman med reproduktive embryo er utvikla for å bli gjeve til menneske med fysiske og mentale funksjonshemmingar. Alle får seks månader på seg til friviljug å ta kapselen før droner med botemiddelet i gassform blir sendt ut ... I dag er den siste dagen.

Over heile verda blir kapslane tatt. Rullestolbrukarar blir gåande, blinde blir sjåande og døve blir høyrande. For mange døve blir kapselen ein indre kamp. Skal dei vere ein del av gjenoppbygginga av den globale økonomien, eller skal dei nekte å bli fråteke språket sitt, kulturen sin og identiteten sin?
På verdas siste kulturfestival for døve har fire unge menneske bestemt seg for å flykte frå tvangsmedisineringa. Dei stel ein gamal lastebil, men strandar i grøfta i utkanten av ein skog. 
Kvifor har akkurat desse fire flykta saman? Kva har dei felles? Er det ein sviker blant dei? Vil dei nå fram til den gamle dama inne i skogen og greie å gøyme seg der? Vil dronene som jaktar dei oppdage dei og fullføre utslettinga av døve i verda? 

Regissør: Josette Bushell-Mingo
Dramatiker: Lars Otterstedt
Dramaturg: Mari Moen

Manuset er utvikla med stønad frå Dramatikkens hus.



Frå stykket:

AMAR: Men kvifor? Kvifor gjev du opp? Kvifor gjev de opp? Saman kan me krevje våre rettar, vårt språk ... Eg forstår ikkje!

ESTER: Ja ... men kven er me som ikkje skal ta desse kapslane? Kapslane er løysinga på den globale økonomiske kollapsen. Kven vil stå utanfor den kollektive løysinga? Til og med den hyggelege og vennlege kassadama på supermarknaden, som har lært seg å teikne litt, forventar at eg skal ta kapselen.

AMAR: Men det er jo sjølvmord! Folkemord!