Sundre i hundre
Billettar
Om arrangementet
Historisk-humoristisk kveld med Berg og Brye.
Sundretorget kallar fram gode minne. Eit fint og tett lokalmiljø med liv og røre, småbutikkar, handel og vandel, originalar og gode replikkar. Skulle du høyre nytt, få plass på ein av dei mange kafeane, ta ein tur på nr.15 eller nedom hestestallen, var Sundre staden for heile bygda – særleg på laurdagane. Ei tid med ungar i alle hus, moro, leik, slagsmål og spetakkel, men likevel trygt. Aukande bilisme, festliv, promillekøyring, TV og VG, Brylkrem og popkultur. Men framleis leikarring på Solhov, ungdomsklubb på Folkets Hus og ønskekonsertar på Sundrehall.
Hallgrim Berg og Ole Johs Brye, som mangeårige vitne til folkeliv og «episodu» rundt om i sentrum, vil måtte nytte rikelege porsjonar av både skjemt og alvor for å få fram den heile og rette soga. Utvalde bilete frå eit heilt hundreår er sett saman frå mange kjelder og illustrerer ei imponerande, tankevekkjande utvikling.
Som sidekommentatorar på scena dukkar det fram ein trio:
Alf Sonerud, Gudveig Fingarsen og Tor Egil Buøen.
Billett kr. 250,-
NB! Trekning av premiar på inngangsbilletten.
