Stranda-spel og Dekka-låttar

Om arrangementet

CD- og bokslepp!
Anders Lunden Herfoss står bak ei ny bok om gamle spelemenn i Ål, og med boka fylgjer også ein cd med arkivopptak med fleire av desse. Forutan omtale av utøvarane på cd-en kan ein óg lese om eldre spelemenn som Asle-Knut, Asle-Øino, Bråta-Per, Myreguten m.m.
Boka vil bli presentert med bilete, soger og låttespel frå lokale utøvarar.

Medverkande: Anders Lunden Herfoss, Øyvind Brabant, Hilde Kirkebøen, Ingebjør Sørbøen, Arne Anderdal m.fl.

Folkemusikkpub og dans etterpå.