Sne - Danseforestilling med Ål kulturskule
Billettar
Om arrangementet
I møtet mellom biletkunst og dans opnar det seg nye rom for tolking og rørsle. Denne forestillinga tek utgangspunkt i «Sne-serien» – det fyrste store grafiske arbeidet Rolf Nesch laga etter at han kom til Noreg som flyktning frå Nazi-Tyskland i 1933.
Nesch vart djupt rørt av den norske vinteren – eit landskap han skildra som storslege, sårbart og overveldande.
I eit brev skreiv han: Det som først og fremst slår meg er høyheten i naturen, som er helt storslagen, den fullkomne skjønnhet. Når man står foran trærne, rager de så høyt at man tror de aldri tar slutt.
Nesch sine vinterbilete får nytt liv gjennom dansarane sine tolkingar. Elevane utforskar landskap, lys og kulde med kroppen som uttrykksform, medan bileta fungerer som både scenografi og inspirasjonskjelde.
Forestillinga er ein hyllest til naturen, barna, kunsten – og det å sjå verda med nye auge.
Koreografi: Marte Medgard Skår
Regi og produsent: Iris Almås Tangeraas
Lys/lyd: Hallingdal Lyd
Arrangør: Ål kulturskule
