SideSprang Folkemusikk-klubb

Om arrangementet

Me byr på hardingfeleoverdose frå Nordhordaland, Valdres og Hallingdal, med stjerneskota Hannah Moira Midtbø-Bruner, Syver Rolandsgard Hauge og Kjetil Meberg Myhren. Etterfølgd av open mikrofon og jam ut i dei seine nattetimar.

Før konserten blir det lynkurs i vestlandsspringar og rull, inkludert gommokaku!
Instruktørane blir verande på dansegolvet heile kvelden, og tek gjerne ein dans eller fem med alle som vil finpusse steg og turar!

I samarbeid med Ål spel- og dansarlag, som del av FolkOrg sitt prosjekt “Dansen som sosial møteplass”. 

Barn/ungdomspris opp til 25 år er støtta av Buskerud Fylkeskommune si ordning Ung deltaking.


Foto: Knut Utler