Senioruniversitetet: Foredrag v/Knut Arne Gurigard
Billettar
Om arrangementet
Er tida inne for Hallingdal kommune?
Kommunesamanslåing har vore eit tilbakevendande tema i Noreg. Endeleg er det stille sjølv om utfordringane framover verkeleg vil setja små distriktskommunar på prøve. Største utfordringa vil vera mangel på, og kampen om, arbeidskrafta. Det me opplever i dag er knapt små krusningar i høve til korleis det kan bli. Forventningane til kva kommunane skal gjera blir stadig høgare og evne til å gjennomføre blir stadig lågare.
Knut Arne Gurigard, 73 år, er fødd og oppvaksen i Leveld i Ål. Han var dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal i ein snau mannsalder og er stadig ei aktiv røyst i Hallingdal. Han vil teikne eit bilete av historia, kvar er Hallingdal i dag og kva kan bli dei verkeleg storeutfordringane framover.
Er tida inne for at kommunane i ein av dei klarast definerte og mest velfungerande distriktsregionane i landet tek dei store framtidige utfordringane på alvor og tør å ta dei vanskelege diskusjonane?
