Riksteateret: Skorpionens spill - i skyggen av Roblox
Billettar
Om arrangementet
Ei historie om spel, makt og fridom – i ei verd der du må kode din eigen veg.
Av Frode Gjerløw og Håkon Dalsbø.
Bli med på ei heilt ny oppleving der vennedrama møter Roblox. Ein spennande kveld for deg som likar å game, og for alle som har lyst på ei actionfylt familieframsyning om vennskap, svik og spelet sine skuggesider.
Gaia er den beste på skulen til å lage spel i Roblox. Den sjølvsikre og overbevisande Axel inviterer henne med i eit Roblox-prosjekt som skal gjere dei rike. Etter press frå bestevenen tek ho sjansen. Men det som startar som ein kreativ draum, utviklar seg raskt til eit giftig samarbeid der ho mistar både
kontroll og sjølvtillit. Korleis kan ho ta attende kontrollen før det er for seint? Skaparane av den prisvinnande gaming-framsyninga «Det Mørke Fortet – et Minecraft-eventyr» er attende med eit nytt prosjekt. Lokale barn og unge medverkar som Roblox-spelarar og påverkar handlinga gjennom å spele Roblox live på scena. Roblox-spelet blir utvikla av Nora Helen Engelsvold i Shyfoox Studios - mest kjent for verdssuksessen Dragons' Life i Roblox.
Framsyninga er laga for litt større barn (9-12 år).
Høver ikkje for barn under 6 år.
Vil du, eller nokon du kjenner, vere med i framsyninga som «skodegamar»?
Kontakt Riksteatret her.
Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 19. februar 2026.
Turnépremiere i Skien 25. februar 2026.
Med Mie Korsbakken Christensen, Tevje Espeland, Albertine Lundgren og Tom Styve.
Av Frode Gjærløw og Håkon Dalsbø
Regissør: Frode Gjerløw
Medregissør: Håkon Dalsbø
Scenograf og kostymedesignar: Mari Lotherington
Dramaturg: Mariken Lauvstad
Lyddesignar: Morten Haug Serigstad
Videodesignar: Thomas Gallagher
Lysdesignar: Martin Myrvold
Produsent Bastian Stabell
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Teater Ibsen.




Nytt spel i Roblox | Skorpionens spill:

Kva gøymer seg i Ville Vesten? No kan du utforske Skorpionens spill sjølv. Spring fritt, sjå etter spor og oppdag meir av historia – før eller etter teaterforestillinga, åleine eller saman med vener.
Spelet er utvikla i samarbeid med Shyfoox Studios. Roblox er gratis å bruke, og kan spelast på mobil, nettbrett, PC/Mac, Xbox og PlayStation.
Ansvarsfråskriving:
Denne teaterframsyninga er ein uavhengig produksjon og er verken godkjent, sponsa eller tilknytta Roblox Corporation. "Roblox" er eit registrert varemerke tilhøyrande Roblox Corporation, og all omtale av dette merket skjer berre i dramaturgisk, kritisk eller analytisk hensikt. Innhaldet i framsyninga reflekterer manusforfattarane sine eigne meiningar og undersøkingar og er ikkje uttrykk for synspunkta til Roblox Corporation eller nokre av deira tilknytta selskapa. Alle referansar til Roblox eller relaterte produkt vert gjort innanfor ramma av legitim ytringsfriheit og rimeleg bruk ("fair use").
