Riksteateret: Læreren

Om arrangementet



Bli med Fredrik Høyer inn i ein humoristisk og gjenkjenneleg skulekvardag, som me alle har eit forhold til. 
I friminuttet byr me på kaffi og vaflar til alle!

Eg ventar til det blir stille…
Å vere lærar er som å vere standup-komikar, psykolog, barneoppdragar og foredragshaldar på same tid. Alt skal lærast, ikkje minst kjærleiken ein får til elevane. Viss læring er å møte seg sjølv, og forståing er å stå framfor eit anna menneske, kva betyr då eigentleg ansvar for eiga læring?

Den nytilsette vikarlæraren Kristian står framfor ein femteklasse, eit tverrsnitt av samfunnet, fylt med behov, forventingar og draumar. Men hemmeleg går han rundt med ei konstant indre oppløysing. I møte med tiåringane blir han nøydd til å konfrontere sitt eige indre barn, lærarrolla og systemet rundt han.

Slam-poet og skodespelar Fredrik Høyer er ein av dei mest originale stemmene i samtidsteateret. Han framfører sjølv rolla som vikarlæraren Kristian med nærleik og sylskarp humor, i ei djuptloddande tekst om korleis me forstår oss sjølve gjennom andre sine blikk og rollene me spelar i liva til kvarandre. På ein overraskande måte blir det grå og kvardagslege gjort til ei mytisk reise som vedkjem både deg og meg. 

Framsyninga varar i to dobbelttimar (inkludert friminutt). I pausen inviterer me til friminutt – ein sjanse til å fylle kaffikoppen og få seg ein nysteikt vaffel før det ringer inn.

Dramatikar, komponist og skodespelar: Fredrik Høyer
Regissør: Katinka Rydin Berge
Scenograf og lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Kostymedesignar: Julia Wilde
Foto: Eirik Havnes
Brodering og grafisk design: Sandra Olsen
Produsent Riksteatret: Anita Basmo Bjørnstad

Produsert av Vega Scene og Riksteatret.


NB! Billettane er utan setenummer.
Med andre ord fritt seteval når du kjem på framsyninga.

"En morsom, rørende og kraftfull påminnelse om hvor uvurderlig det er å bli sett.» Vårt Land 
"Læreren er virkelig godt, nytt teater. (…) Og Fredrik Høyer er en helt strålende skuespiller." Norsk Shakespearetidsskrift
















Friminutt med vaffel og kaffe:
I pausa inviterer me til friminutt – eit høve til å fylle kaffekoppen og få seg ein nysteikt vaffel før det ringjer inn.


Ein kaffekopp, takk:

 
Kaffi'n smakar litt betre når han kjem med ei historie – og kanskje endå betre på lærarrommet. Koppen kan du kjøpe i samband med Læreren-turnéen.
Lærarkoppen kostar 150,- og du kan betale med Vipps.