Riksteateret: Kakejazz

Om arrangementet

Av Gunnar Eiriksson

Når barna får styre showet!

Har du nokon gong vore åleine heime og baka kake heilt utan oppskrift? Akkurat slik kjennes det når Riksteatret inviterer små og store inn i den sprudlande familieforestillinga «Kakejazz». Her er det klart for kakefest, kaos og kreative krumspring.

Familien Grytebust skal bake kake, men så ringjer telefonen! Det er frå jazzklubben Den blå mugge. Eit jazzorkester har avlyst, og no må dei ha mamma og pappa på scena med éin gong. Straks døra lukkar seg bak dei, opnar det seg eit herleg nytt høve. No kan borna lage akkurat den kaka dei sjølv vil, og blande inn kva som helst! Men kva skjer når dei tømmer urna med bestefar oppi røra?

«Kakejazz» boblar av humor, rytme og oppfinnsame påhitt. Gunnar Eiriksson er ein lur og leiken regissør og veit akkurat kva som skal til for å få barna til å lene seg fram i stolen og dei vaksne til å le med.

Og kven veit, kanskje får du også smake på kaka! 

Passer for barn frå 5 år.

--

På scena:
Julia Sørensen, Martin Hopland Dyngeland, Kim Helge Strømmen, Tiril Heide-Steen, Jon Vegard Hovdal, Peder Varkøy og Julie Falkevik Tungevåg.

 

Team:
Av Gunnar Eiriksson

Regissør og Dramatikar: Gunnar Eiriksson

Scenograf og Kostymedesignar: Mari Lotherington

Lysdesignar: Mathias Langholm Lundgren

Lyddesignar: Morten Haug Serigstad

Komponist og musikalsk ansvarleg: Espen Mauno

Dramaturg: Kristofer Blindheim Grønskag

Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

 

Forestillingslengde: 1 time 15 minutt (ingen pause).

Urpremiere: Oslo / Nydalen 27. jan 2027

Turnépremiere: Tromsø 3. feb 2027

Produsert av Riksteatret.

--

Riksteatret si omtale av Kakejazz: https://www.riksteatret.no/kakejazz/