Foto frå bygdearkiva i Hallingdal

Om arrangementet

Ål kulturhus vil i perioden 9. januar–28. februar 2027 arrangere ei regional fotoutstilling i Galleri Syningen med fargefoto frå bygdearkiva i Hallingdal. Utstillinga vil presentere nyare lokalhistorie frå 1960–1980 og synleggjere den store kulturarven som ligg i dei lokale fotosamlingane. Prosjektet er eit samarbeid mellom dei seks Hallingdalskommunane og omfattar også formidlings-arrangement for publikum.