Markens grøde
Om filmen
Originaltittel: Markens grøde
Premiere: 2026-10-30
Varighet: 2t 39min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 12
Originalspråk: Original
Regissør: Hans Petter Moland
Hans Petter Moland tek Knut Hamsun sitt udøyelege meisterverk Markens grøde til det store lerretet.
Den prisløna regissøren Hans Petter Moland tek Knut Hamsun sitt udøyelege meisterverk Markens grøde til det store lerretet, med Herbert Nordrum («Verdens verste menneske») og Asta Kamma August («Hendelser ved Vann») i hovudrollene. Det er sein haust. Isak kjempar for å overleva i villmarka. Over fjellet dukkar ein dag Inger opp. Ut av eit møte i nød veks kjærleiken. I nådelaus natur kjempar Isak og Inger for å skapa eit liv saman. Med kjærleiken som drivkraft byggjer dei garden Sellanraa opp frå ingenting. Når ein mørk løyndom kjem til overflata, blir kjærleiken sett på prøve. I andre roller møter me mellom andre Gard B. Eidsvold, Anders Baasmo, Oddgeir Thune og Sjur Vatne Brean. Filmen er basert på Hamsun sin Nobelprisvinnande roman frå 1917, og er ein av dei viktigaste verka i norsk kulturhistorie. Det er ei storslått forteljing om kjærleik og mennesket sin plass i den vakre og nådelause naturen.

