Left-Handed Girl
Billettar
Om filmen
Tittel: Left-Handed Girl
Premiere: 2026-01-23
Varighet: 1t 48min
Aldersgrense: 9
Frå skaparane av "The Florida Project" kjem eit rørande og visuelt slåande familieportrett sett til det yrande nattelivet i Tapei.
I filmen som hadde premiere under årets filmfestival i Cannes møter me vesle I-Jing, som har flytta inn til storbyen Taipei saman med systera si, som er i starten av vaksenlivet, og mor deira. Mora opnar ei lita matbod på eit av dei mange nattmarkeda i byen, systera får jobb i ein snuskete kiosk, og ingen av delane går særleg bra. I-Jing er i stor grad overlate til seg sjølv eller plassert hjå dei tradisjonelle besteforeldra sine, som meinar at det at ho er venstrehendt betyr at ho er forheksa av djevelen. Familiekonfliktar og tradisjonelle strukturar ulmar under overflata, medan historia utfaldar seg på visuelt imponerande vis, sett frå den vesle jenta sitt naivistiske perspektiv.
