Ingen kommentar

Om filmen

Tittel: Ingen kommentar

Premiere: 2025-08-22

Varighet: 1t 29min

Sjanger: Komedie

Aldersgrense: 9

Regissør: Petter Næss

Når du er statsminister, og oppdagar at mannen din har drete på draget, er det ikkje nok å kaste han under bussen, om vi ikkje snakkar om leddbussen. Det er i allefall strategien statsminister Alma Solvik, saman med si skandaliserte og korrupsjonstiltala spin-doktor Karianne Moen, tyr til når statsministergemal Sondre Bortnes vert ferska som aksjespekulant. I møte med skuldningar om innsidehandel og inhabilitet vert “Sondre er syndaren” mantraet alle i partiet må gjenta. Ingen kommentar er filmen du ikkje visste at du ville sjå om makt, intriger og tåkelegging i ein politisk virkeleghit som er til forveksling lik vår eigen. Med eit skrått blikk vert vi teken med inn i kulissane og bak fasaden, og får sjå kva som eigentleg skjer når the shit hits the fan. Eller når det brenn på dass, som dei seier. Når det ballar på seg. Når alt raknar. Når fanden er laus. Ja, dåke forstår poenget…