Hex Liminal

Om arrangementet

Ei liminal fase er ein overgangstilstand der eit individ står mellom gamal og ny posisjon eller status.

Gjennom framsyninga utforskar songtrioen Hekate og dansekompaniet Mamelukk kva som finst i denne fasen, med suggererande song, kraftfull rørsle og spektakulær lyssetting.

Publikum går frå å ha ei observerande rolle til å gradvis delta med rørsle.