Herborg Kråkevik trio

Om arrangementet

Vi vandrar saman med Kråkeviks songbok – Herborg Kråkevik trio på turne!

Herborg Kråkevik trio reiser på turne med songskatten vår. Den blir formidla med fornyande musikalske arrangement, krydra med spennande forteljingar frå kulturarven vår. For nokre av oss er det songar og bilete me har vakse opp med og er glade i. For andre er det nyoppdagingar, men med Herborg som vegvisar gjennom konserten er me sikra å bli kjærleg kjende med skattane. Ho vil også få oss til å syngja saman og gje oss ei oppleving av noko me eig i lag. Herborg er eit «scenedyr» med store roller frå teateret og mange sjølvlaga forestillingar og cabaretar i bagasjen.

Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld!