Henden – rekviem for en fotograf

Om filmen

Originaltittel: Henden – rekviem for en fotograf

Premiere: 2025-10-03

Varighet: 1t 17min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 12

Regissør: Rune Denstad Langlo

Krigsfotograf Harald Henden var Norges blikk ved frontlinene i fleire tiår, men over natta må han kjempe sin eigen, personlege kamp.

Den kjende krigsfotografen Harald Henden får ei uhelbredeleg diagnose og innser at han berre har månader att å leve. Tida som følgjer vert fylt av kontrastar, frå sjukehusbesøk til prisutdelingar og varme, humørfylte stunder med bestevenen Morten. Samstundes ser Harald attende på eit ekstrem tilvære som utrykningsklar fotograf, med ein koffert pakka for alt som kan gå gale i nokon av dei verste konfliktområda på jorda. Harald fortel om bileta han har teke og reflekterar samstundes over bileta han ikkje tok, i augeblikka kor han la frå seg kameraet for å hjelpe. Rune Denstad Langlo, regissøren av filmen "Henden", venta å møte ein hardhuda krigsfotograf, men sit att med biletet av «ein ydmjuk gentleman, full av humor og varme». Harald Henden tok ikoniske bilete som fekk mykje å seie for ei heil verd, og dokumentaren om han løftar dei opp på det store lerretet, i ei humørfylt og universell historie om korleis me menneske kan forsone oss med den begrensa tida me har på jorda. “Rørende, raus og overraskende morsom” – Adresseavisen