Helsinkieffekten

Om filmen

Originaltittel: The Helsinki Effect

Premiere: 2026-01-16

Varighet: 1t 28min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: A

Originalspråk: Finsk, Engelsk

Regissør: Arthur Franck

Eit skarpt og morosamt blikk på Helsingforserklæringa av 1975 – og om korleis eit formelt toppmøte fekk ringverknader som framleis merkast femti år seinare.

Den kalde krigen var på frysepunktet då statsleiarar frå aust og vest møttest i Helsinki sommaren 1975 på Konferansen for sikkerheit og samarbeid. Målet var å dempe spenninga mellom frontane i den kalde krigen, og arbeide fram felles køyrereglar for mellom anna menneskerettar og sikkerheitspolitikk. Konferansen var den største av sitt slag den gong, og ettersom tilhøvet mellom aust og vest på dette tidspunktet var på frysepunktet, var det mykje som stod på spel. Ford, Bresjnev, Palme, Tito, Trudeau, Ceausescu – alle var der. Den desidert lykkelegaste av dei alle er Leonid Bresjnev frå Sovjetunionen. Lite veit han at han er i ferd med å gjere ein alvorleg feil. Helsinkieffekten er ein satirisk dokumentar som kun baserer seg på arkivfilm, og tilbyr eit friskt og komisk perspektiv på den kalde krigen. Basert på hundrevis av timar med arkivmateriale og ei mengd tidlegare hemmelegstempla samtaledokument, dekonstruerer filmen anatomien til denne ofte misforståtte diplomatiske prosessen – og avslører korleis den kom til å påverke verda på ein avgjerande måte. I bunn og grunn er Helsinkieffekten ei historie om korlsie kjedelege konferansar kan endre verda. "Mer underholdende enn dette kan en dokumentarfilm knapt bli" - YLE