Gull frå magasinet: Brøstklutar

Om arrangementet

Ragnhild Kolsrud frå Hallingdal Museum syner fram skattar frå den rikhaldige drakttradisjonen i Øvre Hallingdal.

«Brøstkluten» er eit rektangulært stykke tøy med prydnadar av ulikt slag. Det finst ein utruleg rik og variert tradisjon for dette vesle plagget, både når det gjeld fargar og materiale, mellom anna frå Øvre Hallingdal.

I dette foredraget får du sjå eit utval frå dei rike museumssamlingane og få meir innblikk i det store mangfaldet og mogelegheitane i dette tradisjonsrike plagget. Kanskje får du lyst til å lage ein sjølv?

Arrangementet er gratis og ope for alle. For å sikre deg plass, kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.