Gjermund Larsen Trio - Christmas sessions

Om arrangementet

Etter å ha komponert eigen musikk i snart 20 år, gav Gjermund Larsen Trio i fjor ut sitt første julealbum,  «Christmas Sessions». I eit vakkert, folkemusikkprega musikalsk landskap tolkar trioen kjende og kjære julesongar på sin måte. Gruppa består av Gjermund Larsen (fele), Andreas Utnem (trøorgel/piano) og Sondre Meisfjord (kontrabass). Dei har hausta ei rekkje prisar, både Spellemannpris (2008), German phonographic critics award (2015) og TONOs komponistpris (2016). No kjem dei til Operalåven med god musikk og eit bodskap om fred og bedre tider.
 
"Me har plukka ut den julemusikken me likar best, og gjeve den signaturen vår. Fleire av julesongane har eit sterkt budskap om fred, noko som diverre er ekstra viktig i desse tider." - Gjermund Larsen