Gin-smaking

Om arrangementet

Ein hyllest til einebæra - eller briskebæra som me seier her. Men denne gongen er det ikkje treaken me meiner.

Kva er gin? Gin er kort fortalt nøytralt brennevin (landbruks-etanol på t.d. korn eller potet) smaksett med einebær og andre botaniske droger som koriander, skal av sitrusfrukt og anis. Gin har svært mykje til felles med akevitt. Ordet gin er avleidd frå det nederlandske ordet genever (nederlandsk kornsprit smaksett med einebær), som igjen stammar frå det latinske ordet "juniperus," som betyr einer.

Denne kvelden får me besøk av Kim Olsen, partnar og aktiveringsansvarleg i Bareksten Spirits. Han vil halde eit foredrag om Gin og det prisløna destilleriet frå Bergen. Her får publikum smake dei edle dropane frå destilleriet, som har vore nominert som best i verda ved fleire høve. 
Og kven veit - kanskje me kan bruke gin til meir enn me trur?

Velkomen til ein kveld med ny kunnskap og gode smakar!