Fryd scene: Himmelleite

Om arrangementet

Duoen Himmelleite består av langeleikspelar Ingrid Lingaas Fossum, og sjølvaste Ål-organist Vemund Olav Aukrust. 
Dei utforskar kombinasjonen av to musikalske ytterpunkt: Langeleik og kyrkjeorgel, med innslag av song og kraviklyre. 

Duoen har eit unikt lydbilete, med klangen frå den lågmælte langeleiken - som har levd i minst 500 år i Noreg - og kyrkjeorgel, eit av dei mektigaste instrumenta me har. 

Dei speler folkemusikk frå heimtraktene sine, Gudbrandsdalen og Valdres, i si eiga musikalske drakt - der langeleiken og orgelet skiftar mellom å ha ei leiande rolle. Kanskje glimtar dei til med litt Hallingdalsstoff også denne kvelden?

Vemund Olav Aukrust – kyrkjeorgel
Ingrid Lingaas Fossum - langeleik, kraviklyre og vokal


Foto: Sanne Løkke