Fryd Scene: Groupa med Marta Matuszna
Billettar
Om arrangementet
Den Svensk-Norske folkemusikkgruppa har sidan 80-talet stått i bresjen for den progressive svenske folkemusikken. Gjennom sin karakteristiske blanding av eldre melodiar, frie improviserte innslag, nye komposisjonar og fantasifull instrumentering har dei påvirka ein heil generasjon musikarar.
Groupa gir musikken frie tøyler, og i dei siste prosjekta sine, Kind of Folk, tolkar dei musikk frå ulike land.
Volum 5 er musikk frå Polen, og til Ål har dei med seg Marta Matuszna frå Laliki.
Marta Matuszna – fele og vokal
Mats Edén – feler
Terje Isungset – perkusjon
Jonas Simonsen – fløyter
