Fryd Scene: Erlend Skomsvoll Trio

Om arrangementet

«Du må få deg en trio Erlend». Dette sa legenden Svein Finnerud til ein ung Erlend Skomsvoll i 1991. Sidan då har Erlend Skomsvoll etablert seg som ein formidabel tolkar av andre sin musikk, som partiturskrivar, bandleiar og orkesterleiar i samarbeid med storleikar som Chick Corea, Pat Metheny, Kaizers Orchestra, Mathias Eick, Arve Tellefsen og mange, mange andre. Og ikkje minst med Come Shine der han spelte piano og var sentral som arrangør.

Men no er triokonseptet endeleg eit faktum. Med eit komp som kombinerer jazz og klassisk stilforståing gir det også Skomsvoll høve til å inkludere den klassiske musikkens harmoniske og melodiske frasering i eit ellers rikt jazzmusikalsk uttrykk.

Så - no kan du høyre den formidable tolkaren tolke sin eigen musikk, og endeleg i trioformat!


Erlend Skomsvoll – tangentar
Roger Morland – kontrabass
TBA – trommer