Fryd Scene: Erlend Apneseth Ensemble

Om arrangementet

Hardingfelespelaren Erlend Apneseth har sin særeigne spelestil og har vorte ein av dei største og mest eksporterte jazzmusikarane me har, så vel som folkemusikar. På det siste albumet hans, Song over Støv, har han sett saman det som må kallast ei supergruppe med nokre av dei mest toneangjevande musikarane på den norske musikkscenen i dag. Gjennom eit rått og vakkert samspel utforskar Apneseth og ensemblet hans omgrep som «verdens-
musikk», med utgangspunkt i hardingfela og alle moglegheitene som bur der.

Erlend Apneseth - hardingfele, Mats Eilertsen - kontrabass, 
Rolf-Erik Nystrøm - saksofon, Frode Haltli - akkordeon, 
Rasmus Kjorstad - hardingfele, vokal, fele, oktavfele, 
Selma French Bolstad - hardingfele, vokal.
Hans Hulbækmo - trommer/perkusjon  

...og kanskje endå fleire...