Forfattarbesøk: Maren Skolem - Skam, håp, og andre problem
Billettar
Om arrangementet
Maren Skolem kjem til Ål bibliotek og tek med seg den kritikarroste romanen hennar Dørene lukkes (2024).
Skolem les, og snakkar om kvifor historieforteljing er så viktig for å hanskast med vanskelege kjensler og mental uhelse.
Ho deler også frå den komande romanen Ingen har sett historien din (2026), der karakterane balar med skam og identitet.
Dørene lukkes er ein nevrotisk feelgood eller ein morosam feelbad, alt etter korleis du vel å sjå det. Dette er boka om Freya, ei ung kvinne som prøver å finne både seg sjølv og kjærleiken, til tross for ein altoverskyggjande OCD - tvangstankar. Freya er også tynga av håp, ei forbanna kjensle som får henne til å strekkje seg etter ting utanfor hennar eiga rekkjevidde. Men kva gjer du når det du håpar på, er det du fryktar mest? Og korleis skriv ein eigentleg ein Tinder-bio om ein aldri heilt har våga å bli seg sjølv?
