Foredrag: Samuel Rostøl - Ti dagar i fangenskap
Billettar
Om arrangementet
Samuel Rostøl (41) kjem frå Sørlandet, men har funne kjærleiken i Vats. Han er utdanna sjukepleiar, men har vore dyrerettsaktivist på fulltid i fleire år.
I 2025 var han med på Global Sumud Flotilla, som hadde som mål å forsøke å bryte den israelske blokaden av Gazastripa. Nesten 500 menneske deltok på flåten med mindre båtar som sette segl mot Gaza i håp om å frakte naudhjelp til befolkninga under den pågåande hungersnauda.
Flåten vart avskorne av israelske styrker i internasjonalt farvatn seint onsdag 1. oktober 2025. Dei frivillige om bord vart arresterte og førte til Israel. Samuel var Israels fange i ti dagar.
I foredraget får me høyre om Samuels motivasjon for å leggje ut på ein tilsynelatande håplaus seglas mot Gaza, om ein seglas som vart utsett for fleire droneangrep, og om korleis det var å gjennomgå ti dagar i israelsk fangenskap.
