Foredrag: Knut Jørgen Røed Ødegaard (Flytta til Storesalen)
Billettar
Om arrangementet
NB! Foredraget er flytta frå biblioteket til Storesalen.
Velkomen til eit foredrag utanom det vanlege!
Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard vil ta oss med på ei spennande reise ut i universet og mellom anna fortelje om bevis for liv på ein planet utanfor Solsystemet.
Finn me Solsystemets 9. planet? Me får høyre om gjesten som kjem frå eit anna solsystem og om svarte hol og ormehol. Vil du jobbe på Månen eller flytte til Mars? I løpet av 20 år kan romheiser vera ein realitet! Kva er mystisk mørk materie - spøkelsespartiklar? For fyrste gong ser me Universets barndom. Høyr om den mest voldsame eksplosjonen i historia - og mykje meir!
