Flophouse America
Om filmen
Originaltittel: Flophouse America
Premiere: 2025-08-25
Varighet: 1t 20min
Sjanger: Dokumentar
Originalspråk: Engelsk
Regissør: Monica Strømdahl
Ei hjarteskjærande og ærleg forteljing frå skuggesida i USA. I eit sjeldant nært portrett møter me 12 år gamle Mikal, som er fødd og vakse opp på hotellrommet han deler med dei rusavhengige foreldra sine. Mikal sitt største ynskje er at dei skal slutte å drikke. Men kva skal til for at nokon verkeleg endrar seg?
Flophouse America er ein prisvinnande og visuelt sterk dokumentar, om endå sterkare tema. Gjennom regissør Monica Strømdahl sitt særeigne visuelle blikk og nære forteljarstil får me ei rå oppleving som set seg i kroppen. Som følgje av bustadkrisa i USA flyttar mange inn på billege, nedslitne hotell, dei såkalla Flophouse-hotella. I 15 år dokumenterte Strømdahl kvardagslivet til menneske i utkanten av samfunnet i USA, før møtet med Mikal og foreldra hans fekk henne til å bytte frå fotografi til eit filmkamera. Tre år med opptak har vorte til ein kompromisslaus og ugløymeleg film, dedikert til barn i sårbare situasjonar. Flophouse America treffer både hjarta og hjernen, ein dokumentar som ikkje berre beskriv verkelegheita, men som også inviterer til refleksjon og samtale. Filmen vant mellom anna "Beste norske dokumentar" på BIFF 2025 og "Best documentary" på Nordic / Docs.
