Døden på vidda

Om filmen

Tittel: Døden på vidda

Premiere: 2026-02-06

Varighet: 1t 18min

Regissør: Bjørn-Owe Holmberg

Kva skjedde eigentleg på Finnmarksvidda 1. februar 1986? Den samepolitiske aktivisten John-Reier Martinsen blir påkøyrd og drepen i ei bisarr snøscooterulykke som har heimsøkt familien i mange tiår etter. Var det noko så sjeldant som eit politisk mord i Noreg, eller berre ei forferdeleg ulykke? Bli med bror til John-Reier på leiting etter svar i denne spennande true crime-dokumentaren om samisk aktivisme, betent politisk usemje, sorg og spørsmål utan svar.

John-Reier Martinsen deltok under sprengingsforsøket av brua over Tverrelvdalen i Alta 20. mars 1982, saman med Niillas A. Somby, som mista ein arm og eit auge i eksplosjonen. Gjennom dokumentaren møter me både Somby og fleire andre politiske aktivistar frå same periode, og får eit innblikk i den stadig aukande politiske spenninga som foregjekk i og rundt Alta på 80-talet. Me møter også den tidlegare kjærasten til John-Reier, Mari Boine, og ein av vår tids viktigaste samepolitiske aktivistar, Ella Marie Hætta Isaksen, som dreg liner til dagens situasjon. Forteljarstemme er Stig Henrik Hoff.