Sidesprang: Villdans // Mamelukk & Naaljos Ljom
Billettar
Om arrangementet
På hjørnet av kulturhuset blinkar eit forlokkande neonlys; SideSprang. Klirring i glas, taktfast tramping og heite dansegolv lokkar publikum ned i kjellaren til reinspikka folkemusikk-klubb!
I Villdans møtast Naaljos Ljom og Mamelukk – to skaparkrefter som på kvart sitt vis dyrkar folkemusikken, kroppen og rytmen med både andakt og anarki. Saman med publikum legg dei ut på ei reise i grenselandet mellom performance, konsert, klubb og fridans, og opnar dørene til eit musikalsk og fysisk univers der alt kan skje.
Naaljos Ljom, duoen frå Rogaland, hentar driv frå slåttar, springarrytmer og arkivopptak frå heile landet. Med fele, synthar, trommer og tungt trøkk tweakar dei tradisjonsmusikken til nye høgder.
Med Silje Onstad Hålien – kunstnarleg leiar og koreograf – i spissen, møter Mamelukk musikken som eit levande bilete, eit kroppsleg svar på ekstasen i spelet, i eit rom der lyd og rørsle smeltar saman, og der publikum blir dregne inn med øyre, auge og heile kroppen.
Naaljos Ljom: Anders Hana og Morten Joh.
Mamelukk: Anita Vika Langødegård, Brigitte Blomlie, Margit Myhr, Silje Onstad Hålien og Solveig Hårdnes.
Dørene opnar kl. 20.00
Lynkurs i gangar, inkludert gommokaku! kl. 20.30
Konsertstart kl. 21.30
