Crime 101

Om filmen

Tittel: Crime 101

Premiere: 2026-02-13

Varighet: 2t 20min

Sjanger: Thriller, Krim

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Bart Layton

Med eit solbleika og støvete Los Angeles som bakteppe, fortel CRIME 101 historia om ein mystisk juveltjuv (Chris Hemsworth) som med sine spektakulære kupp stadig har forvirra politiet. Når han skal i gang med sitt livs kupp, møter han ein desillusjonert forsikringsmeklar (Halle Berry), som står overfor eigne vanskelege vegval. På same tid er ein urokkeleg etterforskar (Mark Ruffalo) overbevist om at han endeleg har oppdaga eit mønster. Han er fast bestemt på å avsløre dei, koste kva det koste vil. Etter kvart som kuppet nærmar seg, blir linjene mellom jeger og bytte stadig meir uklare og alle tre blir tvinga til å møte konsekvensane av vala sine, vel vitande om at det ikkje finst nokon veg attende. Crime 101 er basert på Don Winslow si kritikarrosa novelle med same namn. Filmen er skrive og regissert av Bart Layton (American Animals, The Imposter).  På rollelista er eit stjernelag beståande av Barry Keoghan, Monica Barbaro, Corey Hawkins, Jennifer Jason Leigh og Nick Nolte, i tillegg til nemnde Chris Hemsworth, Halle Berry og Mark Ruffalo.