Clayface
Om filmen
Originaltittel: Clayface
Premiere: 2026-10-23
Varighet: 2t 0min
Sjanger: Drama, Action, Superheltfilm, Horror
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Original
Regissør: James Watkins
Ansikt til ansikt med frykta.
DC Studio sin «Clayface» er ein skrekkthrillar frå regissør James Watkins, med Tom Rhys Harries i tittelrolla som skurken frå Gotham City. Matt Hagen si reise frå gatene til Hollywood-stjerne er nær ved å bli fullført, då ein av mafiosoane i Gotham øydelegg alt ved å vansire han. Åleine og utan meir å tape oppsøkjer Matt hjelp gjennom ei banebrytande behandling som gjev han den gamle utsjånaden attende… Samstundes påverkar behandlinga uventa grepet hans om røynda, noko som sender han ut på ei ferd driven av altoppslukande hemn. I filmen spelar òg Naomi Ackie, David Dencik, Max Minghella og Eddie Marsan, saman med Nancy Carroll og Joshua James. James Watkins regisserer etter eit manus av Mike Flanagan og Hossein Amini, og ei historie av Flanagan, basert på rollefigurar frå DC. Filmen er produsert av Matt Reeves, Lynn Harris, James Gunn og Peter Safran, med Michael E. Uslan, Rafi Crohn, Paul Ritchie, Chantal Nong Vo og Lars P. Winther som utøvande produsentar. Watkins sitt kreative team inkluderer fotograf Rob Hardy, produksjonsdesignar James Price, klyppar Jon Harris, VFX-sjef Angus Bickerton, kostymedesignar Keith Madden og castingansvarlege Lucy Bevan. DC Studios presenterer ein produksjon frå 6th & Idaho, ein James Watkins-film: «Clayface». Filmen blir distribuert av Warner Bros. Pictures og kjem på kino over heile landet frå 23. oktober.
