Bitter Christmas
Om filmen
Originaltittel: Amarga Navidad
Premiere: 2026-11-20
Varighet: 1t 51min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 12
Originalspråk: Original
Regissør: Pedro Alodóvar
Almodóvar sin nyaste film vev saman to historier og spør kor langt det er greit at ein kunstnar går for å skrive ei god historie. Verdspremiere i hovudkonkurransen på filmfestivalen i Cannes. Pedro Almodóvar returnerer her i storform i god klassisk Almodóvar stil
Etter at mora døyr i juletida, grev reklameregissøren Elsa seg ned i arbeid for å halde sorga på avstand. Når eit panikkanfall tvingar henne til å ta ei pause, reiser ho til Lanzarote med venninna Patricia i håp om å finne ro. Men sorga lar seg ikkje flykte frå – den må møtast. Parallelt følgjer me ein manusforfattar og ein filmregissør som arbeider med nettopp historia me ser utfalde seg. Etter kvart glir verkelegheit og fiksjon over i kvarandre, og filmen blir ein fascinerande refleksjon over korleis kunst blir skapt av levde liv – og kva pris det kan ha for dei som blir til karakterar. Med Bitter jul vender Pedro Almodóvar attende til det umiskjennelege universet sitt, der kjærleik, sorg og lidenskap møter varme, humor og visuell eleganse. Resultatet er eit rikt og sjølvreflekterande drama om tap, minne og den skjøre grensa mellom livet og kunsten. ”NYDELIG OG UPÅKLAGELIG KUNSTNERISKT REGISSERT” - Variety ”BRILJANT, INTELLIGENT OG SÅRBAR” - Sensacine ”FULL AV VITTIGHETER OG SELVINNSIKT”- The Times ????????
