Billettinfo

Billettar kan du kjøpe via heimesida vår, facebooksida vår, på mobil med appen eBillett eller i skranken på kulturhuset.

Er det problem knytt til kjøpet ditt på eBillett kan du sende ein mail til post@ebillett.no med info om når du kjøpte billettane, pluss dei fire siste sifra i kortnummeret.

Me tilrår å registrere ein profil ved kjøp. Då vil ein alltid kunne logge seg på og finne billettane sine.

NB! Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.

Ål kulturhus godtek ledsagerbevis.

For rullestolplassar: Desse er plasserte på rad 6, sete 1-6. Du kan sjølv kjøpe rullestolplass på eBillett eller ta kontakt med Ål kulturhus.
NB! Når forestillinga nærmar seg utseld vil desse plassane bli selde som vanlege seter.

NB! Teknisk miksebord (lyd/lys) står fast plassert på rad 14 mellom sete 10 og 11.
Det betyr at dersom du kjøper sete 10 og 11 på rad 14 vil du få miksepulten mellom dei to plassane.


Billettskranke og kiosk er open for kjøp/tinging av billettar:

  • Måndag og tysdag: kl. 11.00 - 16.00.
  • Onsdag, torsdag, fredag: kl 11.00 til ca 20.00.
  • Laurdag: ca kl 15.30 til ca 20.00.
  • Sundag: ca kl 16.30 til ca 20.00.

NB! I helger og på kveldstid har me ope i samband med kino og arrangement. 
Då er billettskranken open frå 1 time før fyrste kino/arrangement og fram til siste kino/arrangement startar.

Du kan også kjøpe billettar her på nettsida vår, eller direkte i appen eBillett.