Alice i Eventyrland m/Ål kulturskule
Billettar
Om arrangementet
Kva gjer du når verda rundt deg går for fort – og du ikkje heilt veit kven du er lenger?
Ein kvit kanin spring forbi, og brått er Alice på reise gjennom ei verd der reglane er snudd på hovudet, og alt ho trudde ho visste blir utfordra.
Alice i Eventyrland er ei nyskriven, fargerik og musikalsk tolking av den klassiske historia – der teater, dans og song møtest i eit leikent og tankevekkjande univers skapt av kulturskulen sine unge kunstnarar.
Medverkande: Teater-, danse- og sangelevar ved Ål kulturskule.
Nesten 200 elevar på scena!
Regi og manus: Ida-Kristin Tovstaul
Koreografi: Marte Medgard Skår
Songpedagog: Marit Sehl
Produsent: Iris Almås Tangeraas
Arrangør: Ål kulturskule
Foto: Terje Skår
